Om Fiolen

I februar 1989 starta Astrid hobbybutikk heime på loftet. Det kom mange kundar, og ho hadde kurs i krydderbinding.


8. september 1989 opna Fiolen i Raudebuda (no Moods of Norway). Vi starta med hobbyvarer og gåve-/interiør-varer og vi utvida stadig vareutvalet.


Astrid Randi Bø Hunvik og Arne Martin Hunvik kjøpte Myklebust-huset hausten 2003. Vi flytta "rundt svingen" og inn i eigne lokaler, der vi opna ny butikk 13. november 2003, midt i hjartet av Stryn sentrum. Vi driv ein gåve- og interiørbutikk, men ynskjer mange bein å stå på, so varespekteret endrar seg undervegs. Besøk av gjestekunstnarar og periodar med sal av antikk/retro-porselen er populært. Sidan vi ikkje har kjedetilknytning bestemmer vi sjølve. Vi ynskjer å vere ein butikk til glede for bygdefolket, hyttefolket og tilreisande frå inn- og utland. Mange legg reiseruta si innom Fiolen for å finne noko unikt. Du er hjarteleg velkomen til Fiolen i Fagre Stryn.

Gammalt bilete av Myklebusthuset.

Myklebusthuset kjøpte vi av Audun Myklebust. Huset vart bygd av skreddar og felespelar, Jakob Myklebust, og stod ferdig i 1908. Store endringar vart gjort i 1936. Dette er no eit av dei eldste husa i sentrum, og vi ser på oss sjølve som kulturbærarar ved å ta vare på huset og halde det ved like.