Fiolen har gjennom 30 år prøvd å skape glede med fine varer til heim, hytte og hage til både
lokale og tilreisande kundar.
Varene vi tilbyr er av det unike, norsklaga, fargerike, ting som gledar, Fairtrade og av
generelt god kvalitet.
Vi har eit ynskje om å skilje oss ut, og difor er det for mange ein opplevelse å kome til vår
butikk. Sidan vi ikkje er kjedetilknytta har vi varer du ikkje finn overalt.
Treng du ei gåve, så har vi noko som passar alle aldersgrupper.
Vi er sikre på at du ikkje vil få med deg alt vi har etter å ha gått ei runde i butikken, så du
er velkomen på ei skattejakt, der du kan gå så mange rundar du vil.
I hjartet av Stryn sentrum finn du Fiolen, og her vil vi at du skal bli møtt av eit lokalt og
smilande personale.
Vi delar av vår kunnskap om varene, og slår gjerne av ein prat medan du tek dine valg.
Ynskjer du gåvene dine innpakka, så ordnar vi det gjerne.
Med det kryssar vi fingrane for at du kjem innom og kan forlate butikken med eit smil om munnen,
etter å ha opplevd ei hyggeleg betjening og har gjort eit vellukka kjøp.