Fiolen har ei lang og spennande historie. Her kan du lese om nokre av dei viktigaste hendingane frå starten i 1989 og fram til i dag.
8. februar 2021
Fiolen lanserar nettbutikk
Etter å ha jobba i månadsvis med nettbutikk kunne vi endeleg lansere den med giveaway av Fiolen spesial såpa til dei 10 første kundane. Hanne Martine Bø Hunvik står for innholdet i nettbutikken, og Sølve Bø Hunvik står for utvikling av nettsidene.
Vi feira butikken sitt 30-årsjubileum med goodiebags og gode tilbud til våre kjekke kundar.
Januar/februar 2018
Dialektkorta til Hanne Martine
Hanne Martine Bø Hunvik er dotter i familiebedrifta og utdanna grafisk designer. Ho har laga nokre artige kort med lokale dialektuttrykk som vi sel på butikken. Fjordingen skreiv artikkel om korta.
8. desember 2016
Besøk av Gudvald sin julekalendar
Bygdekomikaren Gudvald reiste rundt i Stryn for å finne gåve til "kjeringja". Denne dagen vart det mykje fart og moro når han skulle finne ut kva Fiolen hadde å tilby.
Det tidlegare "gule rommet" til Fiolen trong ei oppussing, og her har vi fått pussa rommet opp, og laga til ei eiga smykkeavdeling.
Sommaren 2006
Cruiseturist-trafikken tar av
Fiolen som har mykje ulike varer, tilbyr også souvenir, som er populært bland cruiseturistane som besøkjer Stryn.
13. november 2003
Fiolen opnar i nye lokaler
Etter å ha kjøpt huset, og pussa det opp kunne vi drive ein større gåve- og interiørbutikk, men ikkje berre det. Fiolen ønskjer å ha mange bein å stå på, og har eit varespekter som er i endring. Besøk av gjestekunstnarar og periodar med sal av antikk/retro-porselen er noko Fiolen etter kvart har starta med, som er populært.
Hausten 2003
Myklebusthuset blir kjøpt
Fiolen både ynskte seg og trong større lokaler, og difor kjøpte Astrid Randi Bø Hunvik og Arne Martin Hunvik Myklebust-huset, som ligg midt i hjartet av Stryn. Huset kjøpte vi av Audun Myklebust, skreddar som hadde vokse opp i huset. Vi ser på oss som kulturbærarar, og ønska difor å ta vare på det gamle huset frå 1908.
Hausten 1990
Fiolen blir gåve- og interiørbutikk
Vi starta med Sandvika-gardiner og etter kvart kom vi også med lokalprodusert messing, keramikk og mykje anna spennande. Vi kom også med Bazar-vesker, som vart veldig populære. Fiolen utvikla seg til å bli ein gåve- og interiørbutikk.
8. september 1989
Fiolen opnar i Raudebuda
Etter å ha hatt eit vellukka prøveprosjekt med å selje hobbyvarer heime på loftet, leigde Astrid Raudebuda. Her selde vi hovudsakleg hobbyvarer til krydderbinding og korgmaling.
Februar 1989
Astrid startar hobbybutikk
Heime på loftet i Skjolden starta Astrid med hobbybutikk. Mange kundar kom innom, og ho hadde kurs i krydderbinding.
Vi bruker informasjonskapslar for å gi deg den beste opplevelsen. Les meir